Gullrøysta frå Sogn
Så no er altså Olav Stedje komen med eigen nettstad! Det tok si tid, men det er no godt med alt som er unnagjort!
Olav tek den tida som trengst, også når det gjeld å lage plater. Etter meir enn 30 år som artist har det berre komme ut 14 plater. Men kvaliteten er til gjengjeld alltid høg!Siste plate ut er "Ikkje utan deg" frå 2010. Det er 11 låter med høg kvalitet, og med kjend Stedje-sound, på denne plata. Bidragsytarane er ikkje kven som helst: musikken er gjort av Svein Dag Hauge, Christian Nystrøm, Stian Joneid og Jon-Willy Rydningen. Tekstane har blitt til med hjelp av Are Kalvø, Ingvar Hovland, Finn Tokvam. Dette er folk som kan utnytte språket, og som klær Stedje godt som alltid. Stedje slo gjennom med "Vi vandrar saman" i 1981. Etter det har det blir heile 6 sølvplater og fleire heidersprisar. Han syng også supportarsongen til Sogndal "Stao no pao". Følg med, så kjem det nok meir her!
