Hendt og røynt

Olav Stedje med i Ivar Medaas-kabareten ‘Dar kjem dampen’

I februar og mars 2014 har Olav Stedje vore med i kabareten til Sogn og Fjordane Teater om Ivar Medaas og musikken hans. Det har vore stor jubel for kabareten som har gjesta mange bygder rundt i fylket. Stjerna i showet er Claus Sellevoll, som framstiller mange slags typar i kabareten. Og han er verkeleg lik Ivar Medaas sjølv!

Dei tre andre på scena – Annlaug Børsheim, Olav Stedje og Aage Vaksdal – er meir musikarar enn skodespelarar, og tilsaman blir dette ei flott framsyning. I Dale var det så mange i kø at dei siste måtte gå heim utan billett. I Brekke i Gulen, der det berre bur 250 menneske, kom det 209 på kabareten!

Til hausten blir kabareten teken til Bergen, så byfolka også kan få mimre om tida då skilnaden på bymann og stril var større enn idag. Ivar Medaas gjorde nok sitt for å gjere strilekulturen meir kjent i byen.

Her kan du lese heile meldinga i Firdaposten.

Ny plate: "Vest for verdas ende"

Olav Stedje ligg ikkje på latsida om dagen. Ny plate blei lansert 27. september! Tittelen er "Vest for verdas ende". Det er ei plate lagd over same leist som 'vanleg' for Olav – ingen store overraskingar, men mykje god vellyd for øyra! Mange av tekstene er lagd av Ingvar Hovland og Finn Tokvam, medan Svein Dag Hauge som vanleg er ein sentral mann for musikken.

I studio har han med seg multi-instrumentalisten Geir Sundstøl (på dobro, lapsteel, steel, banjo og munmspel), Ingunn Bjørgo på trekkspel, Frode Mangen på piano, Stian Joneid som korist, og Svein Dag Hauge på gitarar, keyboards og kor.
Høyr smakebitar frå "Vest for verdas ende"!

Sogn og Fjordane "vandrar saman" på fylket sitt 250 års jubileum

Tone Damli Aaberge og Olav Stedje på NRKOlav Stedje var eit av trekkplastera då Kringkastingsorkesteret spelte opp til jubileumskonsert for Sogn og Fjordane sin 250 år som eige fylke på Eid i november. Med han var eit knippe kjende døtre av fylket: Sigrid Moldestad, Tone Damli Aaberge og Eva Weel Skram. Sjå Olav og Tone syngje eit par Stedje-klassikarar med fullt symoniorkester i ryggen på NRK nett-TV.

Fylkesjubileet vart markert i sommar, og ein del av feiringa fekk namn etter ei kjend Stedje-låt: Vi vandrar saman. Det var fleire fjellturar rundt i fylket som gjekk under dette mottoet, og Olav sjølv deltok på fjellturen i Luster. Han skulle spelt ein høgfjellskonsert på turen, men veret var så ille at gitaren neppe ville hatt godt av det (og kanskje ikkje fingrane hans Olav heller). Dermed vart konserten avvikla før avmarsj. Og etterpå vandra Olav saman med publikum på tur-feiring av Sogn og Fjordane sine 250 år! Les meir på NRK.

30 år som artist!

NRK Vestlandsrevyen gjorde eit intervju med Olav Stedje då han passerte 30 år som artist i 2011. I klippet nedanfor ser vi også Olav sin bart i "extended version". Denne mustasjen må vera blant dei desidert lengste i norsk pop-historie! Sjå video lenger ned på sida.

Siste plate frå Olav så langt er "Ikkje utan deg" frå 2010. Det er 11 låter med høg kvalitet, og med kjend Stedje-sound, på denne plata. Bidragsytarane er ikkje kven som helst: musikken er gjort av Svein Dag Hauge, Christian Nystrøm, Stian Joneid og Jon-Willy Rydningen. Tekstane har blitt til med hjelp av Are Kalvø, Ingvar Hovland, Finn Tokvam. Dette er folk som kan utnytte språket, og som klær Stedje godt som alltid.
Stedje slo gjennom med "Vi vandrar saman" i 1981. Etter det har det blir heile 6 sølvplater og fleire heidersprisar. Han syng også supportarsongen til Sogndal "Stao no pao".

Olav Stedje tykkjer ikkje det er verd å nemna, men sidan fleire har spurd, så legg vi likevel ut ei lenke til den overstrøymande hyllesten han vart utsett for under 30 års jubileumskonserten i Sogndal i september 2011. Det vart mest for mykje at ei rad artistar som Tone Damli Aaberge, Sigrid Moldestad, Finn-Erix, Håvard Lothe og mange fleire framførte kvar sine favorittlåtar frå Stedje sitt store repertoar. Les litt om dette på NRK, om du har lyst. Sjøl om Olav er ei beskjeden popstjerne, så set han pris på litt merksemd. Og så var det no ei stor ære å få Lutt-prisen, ikkje minst.

Høyr den mest kjende låta hans gjennom tidene i naken versjon på denne videoen - ei røyst av gull rustar ikkje!