Ta meg med

(Svein Dag Hauge)

Ein trailer rullar fort avstad
i ei sky av støv og skit
Eg vandrar lett avstad
let mine tankar renna fritt
Min høgre tommel vinkar lett
til dei som dreg forbi
Ønskjer nokon kunne stansa
så eg kan sei

Ta meg med eg har fortent ein kvil
har reist så langt min venn
Lat meg sleppa å gå ut på vegen igjen

Kjenner sola skina tung og varm
som ein svamp som syg meg tørr
Tørkar sveitten som så mange gonger før
Knyter neven til ein sur bilist
Mumlar lågt kvar han bør dra
Skulle ønskja nokon stansa her igjen