Gullrøysta frå Sogn
Olav Stedje: Mannen med den mest kjende røysta – og barten – i heile Sogn
Med den mest kjende røysta i Sogn har Olav Stedje vandra saman med eit trufast publikum i meir enn fire tiår. Gjennombrotsalbumet "Ta meg med" kom i 1981. Låta "Vi vandrar saman" sikra Olav eit trufast publikum over heile landet.
Røysta openberte seg alt då han var sju og og song på juletrefest i speideren. I ungdomstida song og spela han gitar i bandet Compact. Barten kom først i 1977, og har vore eit fast kjenneteikn sidan gjennom karrieren.
Olav var plagsamt sjenert på scenen i starten av karrieren, og han er framleis ikkje nokon 'sjå på meg'-kar, som samarbeidspartneren Finn Tokvam seier. Men no er scenen ein av dei stadene han likar best å vere, og den gode stemninga smittar over på publikum. Ein konsert med Olav Stedje er ei triveleg stund.
Nedlagt ferjekai 3. februar er Olav ute med ei ny låt, saman med Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe: Nedlagt ferjekai. Ei klassisk Stedje-låt. Berre vellyd!
Dust of Daylight: Sjå og høyr Olav i studio åleine og med Twang Gang i Dust of Daylight-sessions på Youtube. Opptaka er gjort i mai 2022.
Olav spelar Vi vandrar saman åleine, og Eg må heim saman med Twang Gang. Twang Gang har ei lydbilde som kler Olav perfekt. Johnny Cash hadde vore nøgd med den gjengen.
Olav Stedje spelar både på festivalar, på skular, på eldresenter og tek andre oppdrag. Åleine, eller i samarbeid med andre artistar.
Bestill Olav til ditt arrangement via epost post@olavstedje.no